27.11..18

Orkla Industrimuseum

27.11.18. Orkla Industrimuseum v/ Torbjørn Lefstad

Men først: 3-minutt ved Oddmund Stenseth. Oddmund gav honnør til helsevesenet etter å ha opplevd det frå innsida under alvorleg sjukdom. Han var imponert, og personalet er berre fantastiske, sa han. No er han heilreparert, som han sa, og har godkjenning for eit halvt år fram i tid. Deretter blir det oppfølgjing kvart halvår i fem år. Ein høyrer meir om det som ikkje fungerer enn det som er bra!

Torbjørn Lefstad starta med å seie at oppgåva til musea var tosidig: å ta vare på ting og formidling. Orkla Industrimuseum er ein del av Museene i Sør-Trøndelag, MIST, og han sa at dette museet er ein attraksjon i seg sjølv. Museet skal jobbe med heile industrisamfunnet og sette alt inn i ein historisk kontekst. Løkkensamfunnet har alltid vore internasjonalt retta utover, marknaden var det internasjonale samfunnet.

Museet er godt fornøgd med 2018, med 23500 gjester, og det er hovudattraksjonane, Thamshavnbanen og Gammelgruva som er viktigast. Han var opptatt av at ein måtte få opp eit meir variert tilbod.

Han la vekt på at det er eit godt samarbeid med venneforeninga og med Bergmannsteatret. Det er faste arrangement gjennom året i Gammelgruva som utdeling av fagbrev og konsertane til Are Hembre. I år var avdukinga av statuen av Jan Egil Storholt eit høgdepunkt, og museet følgde opp med ei idrettsutstilling. Museet har eit samarbeid med Direktoratet for mineralforvaltning overfor skoleklassar, og det er svært vellukka. Museet har også foredragskveldar med fagleg innhald, og det vil dei fortsette med.

Forvaltningsansvaret er krevande og forvaltningsaktiviteten er viktigast. Han nemnde arbeidet som er gjort ved statuen i Klingliene. Ein freda bane skal fortelje historia til banen, og ein bør rydde rundt Klinghåmmåren, slik at ein kan lage ein tursti i den gamle jernbanetraseen.

Elles driv museet og skifter sviller, ca. 200-300 i året, av i alt 30.000 sviller. Thamshavnbanen har tilsyn frå Jernbaneverket, og det er lagt mye arbeid i å halde jernbanen i gang.

Museet har ein 40-50 bygningar å ta vare på, og alt utstyr frå gruvearbeidet. Dei har no fått telt over kisvognene på Langengmoen, og det er svært viktig å få ein verkstad med tanke på restaurering av både vogner og lokomotiv. Ein vil få gruvetoget inn i den nye vognhallen. Gammelgruva er stabil, men det er brukt mye ressursar på bergrensing. Gruva er ei fin besøksgruve!

Det kulturfaglege arbeidet er også viktig, og i fjor vart det tilsett regionhistorikar som skal arbeide tett opp mot historielaga i dei samarbeidande kommunane. I Meldal er det eit svært godt samarbeid med historielaget når det gjeld bildesamlinga frå Karl Aug. Berg. Kommunane er pålagt å lage kulturminneplanar, og det er viktig å jobbe saman med kommunane og folk i kommunane.

Arkiva etter Salvesen og Thams er tatt vare på, og museet har fått store midlar for å gå gjennom arkiva. Dette er eit arbeid i samarbeid med Riksarkivet. Arkivet skal vere på Løkken Verk, i nybygget.

Primærbehovet for nytt hus har vore verkstad. Ein vognhall i tilknytning skal vere attraktiv for publikum. Dette er eit nasjonalt kulturbygg, med ei tredelt finansiering mellom stat, fylke og eigenkapital. Nybygget vil vere på 2000 kvm.

Orkla Industrimuseum har også ansvaret for drifta av bygdemuseet i Meldal. Lefstad understreka det gode samarbeidet med MIST.



 
24.01.17 Orkladal Næringsforening

29. januar 2017

24.01.17 Orkladal Næringsforening

Daglig leder Ove Snuruås forteller om næringsforeninga og en spennende sak for Meldal.

17.01.17 Oppsummering av laksesesongen

22. januar 2017

17.01.17 Oppsummering av laksesesongen

Daglig leder Rune Krogdahl i Orkla Fellesforvaltning forteller om resultat og erfaring fra siste sesong i Orkla.

15. januar 2017

10.01.2017 Klubbmøte

Forandring i programmet gjorde at dette ble en quizkveld

5. januar 2017

03.01.17 KLUBBMØTE

Planlegging for andre halvår av Rotary-året.

20.12.16 Julemøte med musikk og betraktninger om høytiden

28. desember 2016

20.12.16 Julemøte med musikk og betraktninger om høytiden

Thor Aas holdt tradisjonelt tale ved årets siste møte

13.12.16 Opplevelser i India, av Mildrid Nesheim

25. desember 2016

13.12.16 Opplevelser i India, av Mildrid Nesheim

MIldrid fortalte spennende historier og viste bilder fra turene sine

6.12.16 Besøk av Guvernør Helge Schjølberg

12. desember 2016

6.12.16 Besøk av Guvernør Helge Schjølberg

Guvernøren presenterte status og mål for Rotary foran medlemmer og ledsagere.

7. desember 2016

Årsmøte 29.11.16

Årsmøtereferat

22.11.16 Aktivitetene ved Meldal Frivilligsentral

23. november 2016

22.11.16 Aktivitetene ved Meldal Frivilligsentral

Daglig leder Anne Mari Svinsaas informerte om mangfoldige aktiviteter

15.11.16 AG-Tre v/ daglig leder Gjest Ove Lilleås

23. november 2016

15.11.16 AG-Tre v/ daglig leder Gjest Ove Lilleås

Lilleås holdt innlegg om panelprodusenten AG-Tre på Storås.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...