13.11.18

Klubbmøte

06.11.18. Klubbmøte.

3-minutt ved Oddbjørn Resell.  Oddbjørn tok tak i fylkesrådmannens forslag om å legge ned elektronikklina ved Meldal vid. skole. Dette er ei line han sjøl hadde vore med og kjempa fram, og det er ei veldig god line, sa han. Lina har dyktige elevar, og det er gode lærlingeplassar på Løkken og i nærområdet elles. Han lurte på kva som hadde skjedd på «bakrommet»? Kanskje tanken er å bygge ut på Melhus. Da får elevane frå Skaun kortare skoleveg -. Han meinte forslaget var heilt uforståeleg, for det er ei fenomenalt god line på Meldal videregående, sa han.

Så vart Olav Sigurd Kvaale utfordra til å fortelje litt frå første driftsåret til Thamspaviljongen. Meininga er at paviljongen skal driftast med eit «null-resultat», men første året går med eit lite underskot. Olav Sigurd hadde vore for optimistisk når det galdt antal besøkande. Han hadde budsjettert med 10.000. Det kom 2.500.

Det vart tilsett dagleg leiar, Kjetil Kroksæter, i 30% stilling i februar. Arbeidsoppgåver: Markedsføring, salg, engasjere guidar og drifte bygget. Arbeidet går ut over 30%, så også her er det snakk om dugnadsinnsats. Det er engasjert fire nye, dyktige pensjonistguidar.

Ein har fått ferdigattest for paviljongen, og han er tillatt brukt for 83 personar. Det er montert projektor og lerret, og ein har bra utstyr for song og musikk. Ein har og fått døpefont. Venneforeninga er medlem av næringshagen, og ein prøver bli tilknytta cruisetrafikken. Orkanger havn kan vere aktuell for cruisetrafikk. Elles er Bårdshaug Herregård «gull verdt». Dei har mange gjester som også besøker paviljongen.

Så er det sett opp servicebygg med toalett, billettresepsjon og kjøkken. Det stod ferdig i august etter 1400 dugnadstimar.

Av dei 2500 besøkande har 1500 kome i grupper og 1000 enkeltvis. Dei besøkande er mest imponert over dugnadsinnsatsen!

Litt om aktivitetane: Det har vore 65 arrangement og gruppebesøk, sju skolebesøk, sju vielsar, to konfirmasjonsselskap, to gudstenester med barnedåp og to kunstutstillingar.

Olav Sigurd avslutta med å seie at utfordringa er markedsføringa for å få opp omsetninga.

 

 

 

 



 
19.12.17

8. januar 2018

19.12.17

Julemøte

12.12.17

19. desember 2017

12.12.17

Årsmøte i Meldal Rotaryklubb.

05.12.17

6. desember 2017

05.12.17

Laksefisket i Orkla 2017

28.11.17

30. november 2017

28.11.17

Kommunikasjon i ei ulvetid

21.11.17

23. november 2017

21.11.17

Torkjell Orre Rye fortalte fra historia til Meldalsbanken Arena.

14.11.17

21. november 2017

14.11.17

Klassisk konsert

07.11.17

21. november 2017

07.11.17

Klubbsaker

31.10.17

2. november 2017

31.10.17

Samferdsel i Trøndelag v/samferdselsdirektør i Sør-Trøndelag Erlend Solem

24.10.17

2. november 2017

24.10.17

Høstfest i Meldal Folkeakademi

17.10.2017

28. oktober 2017

17.10.2017

Besøk av distriktsguvernør Toralf Pedersen.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...