19.03.19

Klubbmøte

19.03.19. Klubbmøte.

3-minutt ved Jan Erik Mjøen.

Jan Erik var opptatt av vegen nedover Klingliene, der det har vore fleire kollisjonar på kort tid. Utrettinga av høgresvingen har ført til at bilane går inn i svingen rundt Klinghåmmåren med høgare fart enn før.. Kjem det ein ukjent køyrar, blir det problem. Fartsgrensa er 80 km/t, og svingen er dårleg markert. Jan Erik meiner det bør vere fartsreduksjon, 40 km/t , og markering med skilt som viser kollisjonspunkt på sørsida av svingen.

Etter 3-minuttinnlegget vart det vidare samtale om situasjonen omkring Klinghåmmåren.

Erik T. Loe refererte Rotary-nytt, og fortalde at ny distriktsguvernør,  2021-22,blir Thor Bertil Granum. Det var ingen motkandidatar.

Erik fortalde også at i Brasil har rotaryklubbane gått saman om å auke vaksinasjonsprosenten for meslingar mm blant barn, og dei driv no vaksinering på festivalar, sportstevner, på skolar, i vegkryss etc.  Dette har til no  ført til at 11 millionar barn er blitt vaksinert.

Det vart og diskutert litt rundt program vidare framover, og besøk på renseanlegget for gruvevatn i Fagerlia vart nemnd, og likeså besøk i, eller av representant frå, eit av mikrokraftverka i Meldal.

 

Mildrid Nesheim


 
12.06.18

25. juni 2018

12.06.18

Bekjempelse av massivt alvor

25. juni 2018

05.06.18

Vårkonsert

22.05.18

10. juni 2018

22.05.18

Orkla Sparebank

10. juni 2018

15.05.18

Klubbmøte

08.05.18

15. mai 2018

08.05.18

Vårpuss på museet

24.04.18

15. mai 2018

24.04.18

Orkla Hotell

17.04.18

22. april 2018

17.04.18

Bergmannskonferansen

10.04.18

18. april 2018

10.04.18

Treklyngen

03.04.18

18. april 2018

03.04.18

Havik Elektro as

23. mars 2018

20.03.18

Vinteropphold i Spania