05.03.19
Strikkegeneral05.02.19. «Strikkegeneral» og guide
ved Thamspaviljongen m.m. Øyvind Neraas.
Men før
Øyvind Neraas slapp til, var det 3-minutt
ved Mildrid Nesheim. Ho nemnde kva som hadde gjort inntrykk på henne siste
veka: VM i Seefeld med ein kjempegod innsats av norske utøvarar, så nylæring i
bruk av mobiltelefonen og til slutt brannutrykning til heimen på grunn av oske
i søppelstamp og branntilløp.
Øyvind Neraas, oppvaksen i Kristiansund, viste seg å vere ein både interessant
og mangfoldig kar. Han starta med å vise karrierevegen sin: han starta som
offiser i hæren, og var deretter politi og politietterforskar. Deretter vart
han privatetterforskar, før han flytta frå Kristiansund til Trondheim og vart
namsmann. Så regionsdirektør i Gjensidige, rådgjevar i rådmannens stab,
sjølvstendig næringsdrivande og varaordførar. Han fortalde at foreldra var
sirkusartistar, og han og broren reiste rundt saman med foreldra og underheldt.
Kona hans er
frå Telemark og har husflid og handverkstradisjonar i blodet. Dei har to døtre
som starta garnbutikk på Amfi. I 2014 (?) reiste dei til ein stor
strikkefestival på Fanø i Danmark, og dei vart veldig inspirert til å starte
noko liknande på Orkanger. Far, Øyvind Neraas, vart strikkegeneral med ansvar
for alt det praktiske, og han tok i bruk lokalmiljøet, med m.a.
Thamspaviljongen, Herregården og Fannremsgården. Det vart stor suksess, og
oppslutninga om seinare strikkefestivalar har berre auka.
Han meiner
Orkdalsføret har ei heilt unik historie, med stor industri nederst og så
Bårdshaug Herregård, Thamspaviljongen, Fannremsgården, Thamshavnbanen og
Gammelgruva. Alt har vore tatt i bruk under strikkefestivalane, og han slo fast
at ingen andre har ein slik plass å ha strikkefestival på! Målsettinga for
strikkefestivalen var: Ta heile Orkdal i bruk! Gamal bygdestrid skulle fordufte
-.
Han og kona
har no flytta til Orkanger, og det var så absolutt rette plassen, med alt han
trong av tjeneste- og servicetilbod innan fem minutts gange frå heimen!
Og no
utvidar han strikkefestivalen, frå å vere Midtnorsk strikkefestival, til å bli
ein nordisk strikkefestival ved å inkludere Danmark og Island, og dei har fått
økonomisk stønad for dette nordiske prosjektet frå Nordisk Råd.
Strikkefestivalen
har blitt så stor, at dei har bestemt seg for å arrangere han annakvart år. I
mellomåret vil dei ha eit mindre strikketreff på Ringholmen, utom Tustna, der
det berre er plass til 62 personar.
Øyvind
Neraas arbeider også som guide ved Thamspaviljongen, og han stortrivst som
historie- og dugnadsformidlar. 70-årsdagen sin skulle han feire i
Thamspaviljongen!
12. september 2016
30.8.16. Klubbmøte, medlemmene fortalte om sommerens turer
Per Eriksen (bilde) holdt 3-minutter, og medlemmenes sommerturer var hovedtema.
31. august 2016
16.8.16. Omvisning i Meldalsbanken Arena
Vi fikk en omvisning av Meldalsbanken Arena (Meldal Fotballhall) av Erik Dragset. Men først en orientering om realisering av prosjektet.
(bilde fra www.meldal.no, av hallgruppas leder Torkjell Rye Orre og finansiører)
28. juni 2016
14.06.16. Presidentskifte.
President Mildrid hadde lagt opp til en spesiell ramme rundt årets presidentskifte.