05.03.19

Strikkegeneral

05.02.19. «Strikkegeneral» og guide ved Thamspaviljongen m.m. Øyvind Neraas.

Men før Øyvind Neraas slapp til, var det 3-minutt ved Mildrid Nesheim. Ho nemnde kva som hadde gjort inntrykk på henne siste veka: VM i Seefeld med ein kjempegod innsats av norske utøvarar, så nylæring i bruk av mobiltelefonen og til slutt brannutrykning til heimen på grunn av oske i søppelstamp og branntilløp.

Øyvind Neraas, oppvaksen i Kristiansund, viste seg å vere ein både interessant og mangfoldig kar. Han starta med å vise karrierevegen sin: han starta som offiser i hæren, og var deretter politi og politietterforskar. Deretter vart han privatetterforskar, før han flytta frå Kristiansund til Trondheim og vart namsmann. Så regionsdirektør i Gjensidige, rådgjevar i rådmannens stab, sjølvstendig næringsdrivande og varaordførar. Han fortalde at foreldra var sirkusartistar, og han og broren reiste rundt saman med foreldra og underheldt.

Kona hans er frå Telemark og har husflid og handverkstradisjonar i blodet. Dei har to døtre som starta garnbutikk på Amfi. I 2014 (?) reiste dei til ein stor strikkefestival på Fanø i Danmark, og dei vart veldig inspirert til å starte noko liknande på Orkanger. Far, Øyvind Neraas, vart strikkegeneral med ansvar for alt det praktiske, og han tok i bruk lokalmiljøet, med m.a. Thamspaviljongen, Herregården og Fannremsgården. Det vart stor suksess, og oppslutninga om seinare strikkefestivalar har berre auka. 

Han meiner Orkdalsføret har ei heilt unik historie, med stor industri nederst og så Bårdshaug Herregård, Thamspaviljongen, Fannremsgården, Thamshavnbanen og Gammelgruva. Alt har vore tatt i bruk under strikkefestivalane, og han slo fast at ingen andre har ein slik plass å ha strikkefestival på! Målsettinga for strikkefestivalen var: Ta heile Orkdal i bruk! Gamal bygdestrid skulle fordufte -.

Han og kona har no flytta til Orkanger, og det var så absolutt rette plassen, med alt han trong av tjeneste- og servicetilbod innan fem minutts gange frå heimen!   

Og no utvidar han strikkefestivalen, frå å vere Midtnorsk strikkefestival, til å bli ein nordisk strikkefestival ved å inkludere Danmark og Island, og dei har fått økonomisk stønad for dette nordiske prosjektet frå Nordisk Råd.

Strikkefestivalen har blitt så stor, at dei har bestemt seg for å arrangere han annakvart år. I mellomåret vil dei ha eit mindre strikketreff på Ringholmen, utom Tustna, der det berre er plass til 62 personar.

Øyvind Neraas arbeider også som guide ved Thamspaviljongen, og han stortrivst som historie- og dugnadsformidlar. 70-årsdagen sin skulle han feire i Thamspaviljongen!

Mildrid Nesheim    

 
24.01.17 Orkladal Næringsforening

29. januar 2017

24.01.17 Orkladal Næringsforening

Daglig leder Ove Snuruås forteller om næringsforeninga og en spennende sak for Meldal.

17.01.17 Oppsummering av laksesesongen

22. januar 2017

17.01.17 Oppsummering av laksesesongen

Daglig leder Rune Krogdahl i Orkla Fellesforvaltning forteller om resultat og erfaring fra siste sesong i Orkla.

15. januar 2017

10.01.2017 Klubbmøte

Forandring i programmet gjorde at dette ble en quizkveld

5. januar 2017

03.01.17 KLUBBMØTE

Planlegging for andre halvår av Rotary-året.

20.12.16 Julemøte med musikk og betraktninger om høytiden

28. desember 2016

20.12.16 Julemøte med musikk og betraktninger om høytiden

Thor Aas holdt tradisjonelt tale ved årets siste møte

13.12.16 Opplevelser i India, av Mildrid Nesheim

25. desember 2016

13.12.16 Opplevelser i India, av Mildrid Nesheim

MIldrid fortalte spennende historier og viste bilder fra turene sine

6.12.16 Besøk av Guvernør Helge Schjølberg

12. desember 2016

6.12.16 Besøk av Guvernør Helge Schjølberg

Guvernøren presenterte status og mål for Rotary foran medlemmer og ledsagere.

7. desember 2016

Årsmøte 29.11.16

Årsmøtereferat

22.11.16 Aktivitetene ved Meldal Frivilligsentral

23. november 2016

22.11.16 Aktivitetene ved Meldal Frivilligsentral

Daglig leder Anne Mari Svinsaas informerte om mangfoldige aktiviteter

15.11.16 AG-Tre v/ daglig leder Gjest Ove Lilleås

23. november 2016

15.11.16 AG-Tre v/ daglig leder Gjest Ove Lilleås

Lilleås holdt innlegg om panelprodusenten AG-Tre på Storås.