08.01.19

Laksefiske

08.01.19. Elv og fiske v/ Rune Krogdahl.

Rune Krogdahl sette «Sjøørret i Orkla» som tema for foredraget sitt. Bakgrunnen var at det har vore eit spesielt lakseår på grunn av den varme og tørre sommaren, med lite fangst, men mye fisk i elva, sa han.

Han valgte å fokusere på sjøørreten fordi ørreten har fått svært dårlege gytevilkår i Orklavassdraget. Sjøørreten har vore freda i ni år, og det er sett i gang ei tiltaksretta kartlegging av sjøørret i Orkla. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom NINA, Orkla Fellesforvaltning og Vannområde Orkla. I 2017 var det totalkollaps i ungfiskproduksjonen av ørret. Bestanden var på eit minimumsnivå. Han nemnde fleire utfordringar når det galdt å få fisken til å gå opp i elv og bekkar, som oppgangshinder (store høgdeforskjellar i bekkeløpet), kanalisering, der naturlege gyteplassar vart borte, kantvegetasjon blir fjerna med utrasing av jord i elva som ein følgje, kvistar og buskar blir kasta ut i elva og forsøpling i elveområdet.

Dei siste åra har ein fått skoleklassar frå vid.gåande skolar og folkehøgskolar ((skogbruksliner) med på å legge til rette for vandringa til fisken. Det er laga tersklar og kulper, bekkeløp, strømforsterkarar og gytekulpar. Han sa at ein eigentleg burde ha ei vaktmeisterteneste for å kunne følgje med. I restaureringsarbeidet er det laga kulvertar, finsediment og bekk i bekk.

Og så over til laksen: Det har vore tørraste sommaren på tiår, og det vart innført redusert minstevannføring. Det har vore høge vasstemperaturar, og Gaula og Verdalselva vart stengt.

Fangstsesongen: Det vart tatt 4252 fiskar, og av dei 3865 laks (19331 kg). Det er gode fangsttal, høg gjenutsetting og god oppgang over Bjørsetdammen.

Reglar for fiske i 2019: Sesongen er frå 01.06. til 31.08. All ørret er freda heile sesongen.

Kvoter. Døgnkvote: 1 laks. Sesongkvote: 4 laks, der maks ein kan vere over 80 cm og maks ein kan vere holaks.

 

Mildrid Nesheim



 

23. mars 2018

13.03.18

Klubbmøte

12. mars 2018

06.03.18

Matfestival

2. mars 2018

27.02.18

Gamle bilder

20.02.18

22. februar 2018

20.02.18

Kapitalforvaltning

13.02.18

15. februar 2018

13.02.18

En kveld for de som liker sjokolade!

06.02.18

9. februar 2018

06.02.18

HOB Gods

30.01.18

5. februar 2018

30.01.18

Klubbsaker

23.01.18

31. januar 2018

23.01.18

Nytt helse- og omsorgssenter

16.01.18

29. januar 2018

16.01.18

Spennende geologitime

09.01.18

16. januar 2018

09.01.18

Første møte i det nye året