18.12.2018

Julemøte

18.12.18. Julemøte.

Julemøte vart halde i Festsalen i Orkla Gjestebolig. Ektefeller/sambuarar var invitert med, og vi var 21 som benka oss rundt bordet. Presidenten hadde ordna med julesongar, og Gretha Loe hadde med instrument og sørga for tonefølgje.  Sans Bergmannskroa sørga for nydelege snittar.

Tidlegare sokneprest Thor Aas var, tradisjonen tru, kveldens gjest, og han tok utgangspunkt i nyare historie, nemleg året 1989, da det skjedde stor ting ting i Europa. Det som fekk snøballen til å rulle, var ein diakon i St. Nikolai Kirche i Leipzig. Han hadde begynt med bønnemøte for fred ein gong i veka. Veldig mange slutta opp om dette etterkvart, og 9. oktober 1989 blei det ein stor demonstrasjon ut av det med Ca 70.000 deltakarar. Demonstrasjonane spreidde seg utover heile Øst-Tyskland, og til slutt blei presset så stort at det førde til opninga av Berlinmuren. President Hoenecker heldt på å bli lynsja, men ei diakonisse tok hand om han, og han kom etterkvart til Moskva.

Dette er eit eksempel av veldig mange om at den kristne bevegelsa og kristne personar har endra samfunnets utvikling.

Han nemnde at i El Salvador har ei kyrkje danna menighet i eit av dei verste fengsla, noko som har endra fangane si haldning, både til medfangane og til samfunnet.

Den kristne bodskapen har ei veldig kraft, ikkje berre på enkeltmenneske, men også på grupper.

Ole Paus har sagt at det svakaste vinn over det mektigaste, eit lite barn vinn over ei sterk krigsmakt. Romerriket er borte for lenge sidan, men det som begynte med det vesle barnet i Betlehem, har spreidd seg over heile verda.



 

10. mars 2019

05.03.19

Strikkefestival

26.02.19

4. mars 2019

26.02.19

Næringshagen i Orkdalsregionen

19.02.19

26. februar 2019

19.02.19

Elektronikkproduksjon

12.02.19

26. februar 2019

12.02.19

Mongol Rally

26. februar 2019

05.02.19

Klubbmøte

28.01.19

1. februar 2019

28.01.19

Pelsdyrnæring i Agdenes og Meldal

22.01.19

29. januar 2019

22.01.19

Orkla Sparebank

15.01.19

18. januar 2019

15.01.19

En operasangers historie

08.01.19

15. januar 2019

08.01.19

Laksefiske

18.12.2018

7. januar 2019

18.12.2018

Julemøte

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...