23.10.18. 3-minutter ved Mildrid Nesheim
Mildrid Nesheim valde å fortelje om ei hending under turen til India
12. oktober kom dei til Jagriti Vihara i austindia etter ein 14 timars busstur frå Varanasi, hinduane sin heilage by. Besøket på Jagriti Vihara, ein skole og eit landsbyprosjekt starta av ein tidlegare elev på Hallingdal Folkehøgskule, Jaya, var hovudreisemålet på denne 16-dagars turen til India. Men denne gongen fekk vi ikkje treffe Jaya, han døydde natt til 12. oktober, natta før reisegruppa kom dit. I staden fekk reisegruppa vere med på minnesamværet for Jaya 14. oktober. Mildrid skildra den spesielle stemninga og opplevinga besøket på Jagriti Vihara gav i den situasjonen som var der. Jaya hadde førebudd besøket, m.a. ved å kjøpe inn havregryn som det skulle lagast havregraut av til gruppa. Og dei fekk nydeleg havregraut til frukost søndag 14. oktober.
Ettersom dagens foredragshaldar ikkje kom, vart resten av møtet ein samtale om forhold i India, m.a. betydninga av kastesystemet.
25. mai 2017
Meldal Rotaryklubb hadde ryddedugnad for Thamshavnbanen. Det ble rene tømmerhogsten!
15. mai 2017
Meldal Rotaryklubb har tradisjon for å stille opp på vårdugnad på Meldal Bygdemuseum.
30. april 2017
Innkommende president Frode Langeng fortalte bl.a. om endringer i vedtekter.
25. mars 2017
Ann Lisbeth Tøndel og Johanne Opheim om planer for bygging av nytt Meldal Helsetun, og om folkehelsearbeid i Meldal.
25. mars 2017
Bjørnli fortalte om bankmarkedet og sammenslåing
12. mars 2017
Vi fikk høre om nye begreper, ulike tiltak og krav
25. februar 2017
Prosessen omkring flytting av travbanan ble hovedtema
25. februar 2017
Program v/Johan Martin Lium. 3-minutt gikk ut.