17.04.18

Bergmannskonferansen

17.04.18. Innblikk i Bergmannskonferansen v/ Olav Sigurd.

 

Men første 3-minutt ved Arnt Ree

som fortalde om sin nye arbeidsplass, med nye arbeidsoppgåver, i Orkla Sparebank. Han fortalde at i leiargruppa er det to personar frå gamle Meldal Sparebank, han sjølv som har ansvar for bedriftsmarkedet og Tore Gjerstad, med ansvar for privatmarkedet. Dei to har tilsaman 90% av kundemarkedet.

         Arnt Ree la vekt på at det er viktig å ha ein sparebank med lokal forankring. Orkla Sparebank er ein sjølveigande institusjon, bygd opp av – og i – lokalsamfunnet. Det eksisterande kontornettet blir opprettholdt, og med eit nytt kontor i Børsa.

 

Olav Sigurd Kvaale: Bergmannskonferansen 2018.

Bergmannskonferansen er ein næringslivskonferanse, og årets konferanse var  den beste Olav Sigurd har vore på! Temaet var: «Smart samtid. Smart teknologi. Smarte løsninger.»

Han nemde at Ekornes fabrikker har vore ei foregangsbedrift når det gjeld smart produksjon. Ekornes har greidd å produsere stressless-stolen i Norge, ved mye bruk av robotar. Viktig å utnytte maskinparken smart.

Men det har vore smarte produksjonar også før Ekornes, og som eksempel nemnde han Strandheim Brug, der dei starta ferdighusproduksjon i 1888!

 

Historia til Bergmannkonferansen starta i 2007 på Bergmannskroa, men vaks raskt ut av Kroa, og Idrettsbygget har vore møteplassen i mange år. Ingunn Aspli tok initiativet til konferansen, og ho har vore arrangør kvart år sidan 2007. Det har alltid vore kjende namn på foredragslista på Bergmannskonferansen, og han fortalde at i 2015 hadde han Åse Kleveland som borddame ved festmiddagen. Marvin Wiseth har i fleire år vore konferansier, noko han greidde godt.

 

Utdeling av Bergmannsprisen er eit fast innslag under konferansen, og i år fekk Stein Ellingsen, dagleg leiar i Helsport, Melhus, prisen. Prisen er på kr. 100.000,-, og det står i statuttane at prisvinnar skal gje pengane vidare til ein  frivillig organisasjon.

 

Tord Lien, tidlegare olje- og energiminister, no regiondirektør i NHO, var første foredragshaldar, og han heldt eit interessant foredrag om framtidssamfunnet og dei utfordringane ein vil møte.

 

Så kom Nuria Espallargas, professor ved NTNU, som hadde forska fram nye løysingar rundt silisiumkarbid. Ho har greidd å omdanne silisiumkarbid til flytande form, og det kan få store konsekvensar. Bilmotorar og flymotorar kan få eit beskyttelseslag av silisiumkarbid i staden for material brukt i dag. Dette vil gjere flyturbinane mye lettare, noko som vil føre til ein kraftig reduksjon av CO2-utslipp frå fly.

Silisiumkarbid har ei hardhet nest til diamant, og dieselfilter er laga av silisiumkarbid på Washington Mills. Denne bedrifta har samarbeidd med forskaren, og nye produkt med forskningsresultatet kan gje mange arbeidsplassar på Washington Mills.

 

Neste foredragsholder var Stein Lier-Hansen, leder i Norges Industriforbund, og han filosoferte over hva ny, smart teknologi kan bety for industrinorge. Kan smart teknologi «gi en ny vår» i norsk industri? Han mente bedriftene må vere framoverlente og vere villige til å dele.

 

Sven Jørund Kolstø var også en forsker som la fram nytt forskningsresultat. Han kunne presentere eit måleapparat som kunne både måle og veie kvar enkelt fisk i ei mærd.

 

Det hadde helt tydeleg vore ein uhyre interessant konferanse, ja.

 

Mildrid Nesheim



 
13.02.18

15. februar 2018

13.02.18

En kveld for de som liker sjokolade!

06.02.18

9. februar 2018

06.02.18

HOB Gods

30.01.18

5. februar 2018

30.01.18

Klubbsaker

23.01.18

31. januar 2018

23.01.18

Nytt helse- og omsorgssenter

16.01.18

29. januar 2018

16.01.18

Spennende geologitime

09.01.18

16. januar 2018

09.01.18

Første møte i det nye året

19.12.17

8. januar 2018

19.12.17

Julemøte

12.12.17

19. desember 2017

12.12.17

Årsmøte i Meldal Rotaryklubb.

05.12.17

6. desember 2017

05.12.17

Laksefisket i Orkla 2017

28.11.17

30. november 2017

28.11.17

Kommunikasjon i ei ulvetid

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no

Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...