20.03.18

Vinteropphold i Spania

20. mars: Langtidsopphold i Spania, v/ Per Svinsås

Møtet 20. mars vart halde i nytt møterom, Lille sal, i Orkla Gjestebolig, og der var det plass til 12 personar rundt rundbordet. Dette lokalet høver godt!

3-minutt ved Olav Sigurd Kvaale.

Olav Sigurd starta med å seie at Chr. Thams var lite omtykt i Orkladalen, i alle fall blant enkelte. Men han hadde funne ein song, skrive i 31.12.1892, til ein fest på Strandheim Brug, og det var ein song med sterk hyllest til bedriftseigarane Thams. Olav Sigurd las songen, mange vers – omtrent som ein prolog, og der vart det ikkje spart på godorda.

 

Per Svinsås var heime på ein snarvisitt frå sitt «vintereksil» i Spania. Når ein er over 75 år, får ein reiseforsikring for 70 dagar, og så må ein heim ein tur, før forsikringa trer i kraft att for nye 70 dagar. Han understreka kor viktig ei god reiseforsikring er, etter sjølvopplevd sjukdom. Han kom inn på privat sjukehus og fekk veldig god behandling og oppfølgjing. Han kom heim etter ei veke, og SOS i København ringde eit par gonger om dagen for å høyre korleis det gjekk, og forsikringsoppgjeret frå Gjensidige kom etter berre få dagar.

Else og Per Svinsås har feriehus i Alpaz del Pi, like ved Albir. Det tar berre fire timar å reise frå Værnes til Alicante, og så er det ein times køyretur til Alpaz del Pi.

Alfaz del Pi har rundt 20.000 innbyggarar, og av desse er halvparten utlendingar på vinteropphald. Av desse 10000 utlendingane er 5000 nordmenn som er registrert. Men det er mange uregistrerte, slik at talet er høgare, så der går det i norsk språk over alt. Folk blir oppfordra til å registrere seg.

Kvifor Spania? «Heilt umulig å være oppi her», sa Per, og viste til farleg glatte vegar og gårdsplassar, snø og kulde. Det var ingen tvil om at det høyna livskvaliteten å vere i Spania om vinteren. Dei hadde fast vekeprogram med golf, gåturar, lunsjtreff m.m. Det var mye og rask hjelp å få, både når det gjaldt bil og husvedlikehald, og det var rimeleg. Ein fekk gjort mye for lite.

Han fortalde at Johan Galtung hadde sagt at Spania er foregangsland når det gjeld klima og miljø, og det er mye vindkraft på den spanske høgsletta.

Per la inn ei sterk anbefaling når det gjaldt å nyte vinteren i Spania!


 
18. 06. 2019

26. juni 2019

18. 06. 2019

Bedriftsbesøk Fagerlia Gruvevannrenseanlegg,
Ved; Jan Inge Lund.

2. juni 2019

14.05.19

Referat fra PETS

7.05 2019

13. mai 2019

7.05 2019

Tidl. talentutvikler og rådgiver i Rosenborg BK, Per Winsnes

29.04.19

6. mai 2019

29.04.19

Våraksjon på museet

6. mai 2019

23.04.19

Påska som var

6. mai 2019

09.04.19

Ordførerkandidater i nykommunen

02.04.19

6. mai 2019

02.04.19

Ny bonde i bygda

26.03.19

31. mars 2019

26.03.19

Hva gjør en kirkeverge?

19.03.19

31. mars 2019

19.03.19

Klubbmøte

12.03.19

18. mars 2019

12.03.19

Småfugler

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...