27.02.18. Gamle bilete frå Meldal v/ Joar Lyngen og Ola O. Rikstad.
Men aller først: 3-minutt ved Anders Dragset. Og han tok eit tilbakestreif gjennom den aller siste OL-historia og nemnde høgdepunkt på høgdepunkt frå Pyongchai.
Deretter las Mildrid N eit dokument, overlevert av leiar i Meldal historielag,Joar Lyngen. Det var ein imponerande søknad frå 1897 til kong Oskar 2. frå Christian Salvesen og Christian Thams om å få bygge jernbane frå Årlivold til Orkedalsøren!
Og så slapp kveldens gjester, frå fotogruppa i historielaget, til med eit utval gamle bilete frå Meldal. Det vil seie, dei var ikkje så veldig gamle. Det vart vist flyfoto frå 1953 over Løkken. Fleire bilete frå gruveområdet i Fagerlia, frå Bjørnli og frå Løkken sentrum med vaskeriet og industriområdet rundt dette. Deretter gjekk turen til Rennebu, til gårdane Ramlo, Jorlia og Reitan, før Jerpstadgrenda, Resellgardane, Øverøyen, Snoensgardane, Foss, Grut, Stene, Hol, Fikke, Stokkan, Resgrenda og vidare til og med Berg-gardane vart saumfart, til ivrige kommentarar og historier både frå foredragshaldarane og oss som sat rundt møtebordet. Interessa var stor, og det var veldig interessant å sjå kor store endringar det har vore på Løkken og Meldal i løpet av vel 60 år. Møtet heldt fram til kl. 20.30!
Mildrid Nesheim
25. mai 2017
Meldal Rotaryklubb hadde ryddedugnad for Thamshavnbanen. Det ble rene tømmerhogsten!
15. mai 2017
Meldal Rotaryklubb har tradisjon for å stille opp på vårdugnad på Meldal Bygdemuseum.
30. april 2017
Innkommende president Frode Langeng fortalte bl.a. om endringer i vedtekter.
25. mars 2017
Ann Lisbeth Tøndel og Johanne Opheim om planer for bygging av nytt Meldal Helsetun, og om folkehelsearbeid i Meldal.
25. mars 2017
Bjørnli fortalte om bankmarkedet og sammenslåing
12. mars 2017
Vi fikk høre om nye begreper, ulike tiltak og krav
25. februar 2017
Prosessen omkring flytting av travbanan ble hovedtema
25. februar 2017
Program v/Johan Martin Lium. 3-minutt gikk ut.