09.04.19
Ordførerkandidater i nykommunen09.04.19: To av ordførarkandidatane i
nykommunen Orkland.
Denne
kvelden gjesta rotarymedlemmer Bergmannsforums møte på Bergmannskroa, der dei
kanskje mest aktuelle ordførarkandidatane i Orkland, Are Hilstad, Ap, og
Oddbjørn Bang, Sp, var invitert til å legge fram planar og visjonar.
Oddbjørn Bang fekk først ordet, og han la vekt på
at dei kommunale tenestene til innbyggarane, skulle vere så nær folk som muleg,
og at fagområde kunne vere plassert utom kommunesenteret. Som eksempel nemnde
han Orkla Landbrukstjeneter som hadde fungert veldig godt ved å ligge i Meldal.
Han ville gå inn for at ein og hadde oppsøkande saksbehandling, at saksbehandlarar
reiste ut i distriktet ved behov. Han nemnde at eldreomsorga allereide er godt
utbygd, og at det er viktig å ruste opp tenesta slik at folk kan bu heime så
lenge som muleg. I Orkdal har dei rullerande barnehageopptak, og han meinte
dette måtte gjelde heile nykommunen. Det er også viktig å legge til rette for
det frivillige kulturarbeidet. Han slo fast at det hadde vore heftige
investeringar i det som blir den nye kommunen, og han meinte ein måtte ta det
litt med ro når det galdt nytt kulturhus.
Han fastslo
at Orkland skal vere næringskommune nr. 1, og at det derfor er viktig at ein
ikkje har eigedomsskatt, at ein har ei god havn og attraktive næringsareal, og
at ein har eit heileigd kommunalt energiselskap. Det er og viktig med differensiert
arbeidsgjevaravgift, slik at ein fortsatt kan ha eit aktivt næringsliv over
heile kommunen. Forslaget er å følgje postnummer, og ikkje kommunegrenser, når
det gjeld arbeidsgjevaravgifta.
For
Senterpartiet er det viktig med jordvern, og der det er konflikt mellom
arealbehov og jordvern, kan jordflytting vere løysinga. Han viste til den
vellukka jordflyttinga i samband med Norsk kylling si etablering.
Andre
viktige saker han ville nemne var tilskot til private vegar, å følgje opp nytt
museumsbygg på Løkken Verk, snarvegen mellom Lensvika og Krogstadøra, og å sørge
for godt kommunalt vatn.
Are Hilstad ville understreke at det var eit
godt samarbeid mellom dei to kandidatane, og at når han melde seg til teneste
for Orkland, var det fordi det er viktig at noen som har følgd prosessen frå
start, blir med vidare.
Han meinte
at erfaringa er at folk søker tryggheit, og at ein derfor ikkje skal tenke på
nye, store tiltak. Den store investeringa det har vore i bygg, må balanserast
med å skape eit godt nok tenestetilbod. Han la vekt på at ein ny kommune ville
få bygd opp eit sterkare fagmiljø.
Det er
viktig å tenke nytt rundt stadutvikling, og ein må skape attraktive
bustadområde saman med næringsutvikling. Orkland skal bli ein foregangskommune
når det gjeld arbeidsgjevaransvar. Trivst ein på jobben, yter ein og gode
tenester.
Hilstad minte
om at samanslåingsprosessen ikkje er fullført pr. 1.1.20. Det må «gå seg til» i
tida framover. Han nemnde og at den rasjonaliseringsgevinsten ein får ved at
det blir færre leiarar, skal gå tilbake ut i kommunen i form av betre tenester.
Fleire nytta
høvet til å stille spørsmål etter innleiingane, og eit av dei gjekk på økonomi
og høg gjeld på grunn av store nyinvesteringar. Bang svara at den eigarandelen
Orkland har i Trønderenergi og i Orkland Energi langt overstig gjelda.
Mildrid
Nesheim
12. oktober 2017
03.10.17 Ekstraordinært presidentskifte
Erik T. Loe ble ny president i Meldal Rotaryklubb, ettersom Frode Langeng flytter.
5. oktober 2017
26.9.2017 Bedriftsbesøk hos Syrstadeng Bil AS
Klubbmedlemmene fikk omvisning i nye lokaler og historien bak suksessen
25. september 2017
19.9.17 Omvisning på Thamspaviljongen, fellesmøte med Orkdal Rotaryklubb
De to sentrale personene bak Thamspaviljongen er også medlemmer i Meldal Rotaryklubb. Olav Sigurd Kvaale og Oddmund Stenset fortalte historien om "Prosjekt Heimatt" med sedvanlig entusiasme!
8. september 2017
5.9.2017 Løkken Verk Montessorriskole v/ Odd Erik Bergsrønning
Privatskolen på Løkken Verk er fem år, og vi fikk høre om utviklingen og mål fremover.
6. september 2017
29.7.2017 Å Gartneri
På Å Gartneri har de det gøy på jobb! Mari Engen Ree fortalte om bedriften.
27. august 2017
22.8.2017 Bryllup i Malaysia
Frode giftet seg i Malaysia, og kveldens innlegg fra Frode og kona Safura handlet om hvordan giftemål og bryllupsfeiringer foregår der.
21. juni 2017
20.6.2017 Presidentskifte
President Anders Dragset takket av, og inn kommer Frode Langeng som ny president for Meldal Rotaryklubb
28. mai 2017
16.5.2017 Johanne Opheim strålende fornøyd med å få være med på RYLA
Johanne Opheim fortalte om at hun fikk være med på lederseminar