19.03.19
Klubbmøte19.03.19. Klubbmøte.
3-minutt ved Jan Erik Mjøen.
Jan Erik var
opptatt av vegen nedover Klingliene, der det har vore fleire kollisjonar på
kort tid. Utrettinga av høgresvingen har ført til at bilane går inn i svingen
rundt Klinghåmmåren med høgare fart enn før.. Kjem det ein ukjent køyrar, blir
det problem. Fartsgrensa er 80 km/t, og svingen er dårleg markert. Jan Erik
meiner det bør vere fartsreduksjon, 40 km/t , og markering med skilt som viser
kollisjonspunkt på sørsida av svingen.
Etter
3-minuttinnlegget vart det vidare samtale om situasjonen omkring Klinghåmmåren.
Erik T. Loe
refererte Rotary-nytt, og fortalde at ny distriktsguvernør, 2021-22,blir Thor Bertil Granum. Det var
ingen motkandidatar.
Erik
fortalde også at i Brasil har rotaryklubbane gått saman om å auke
vaksinasjonsprosenten for meslingar mm blant barn, og dei driv no vaksinering
på festivalar, sportstevner, på skolar, i vegkryss etc. Dette har til no ført til at 11 millionar barn er blitt
vaksinert.
Det vart og
diskutert litt rundt program vidare framover, og besøk på renseanlegget for
gruvevatn i Fagerlia vart nemnd, og likeså besøk i, eller av representant frå,
eit av mikrokraftverka i Meldal.
Mildrid
Nesheim