26.02.19

Næringshagen i Orkdalsregionen

26.02.19. Næringshagen i Orkdalsregionen v/ Jan Arild Sletvold.

3-minutt v/ Torleif Hove. Torleif hadde nettopp lese ei bok i lys av «metookampanjen. Tittelen på boka er «Det som ikke skulle skje», og ho handlar om overgrep i det kristne miljøet. Tolv personar har bidratt med sine historier, mellom andre prest Berit Okkenhaug, som tok initiativet til boka, og som sjølv hadde opplevd overgrep frå ein emissær som besøkte heimen. Overgrep skjer ofte i små miljø, og det kan ha store konsekvensar for den som varslar. Den kristne overgriparen har stor tillit i desse miljøa, og varslar vil ha vanskar med å bli trudd/ blir mistrudd. Sakene blir dyssa ned. Dette gjeld fortsatt i slike «lukka» miljø, og ein kan referere til Pavens konferanse om overgrep blant katolske prestar og kardinalar.

Jan Arild Sletvold er økonom og har jobba innanfor skogbruk og innan regnskap. Han sa han kjente næringslivet i Meldal godt, og han har eit spesielt ansvar for meldalsbedriftene innanfor næringshagen. Han nemnde og at Orkanger skal vere industrimotoren i Trøndelag ved sida av Verdal.

Han presenterte eigarar, styre og tilsette i Næringshagen for Orkdalsregionen, og han sa at næringshagane er den mest lokale delen av Norges nasjonale infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling. Næringshagane er den første og nærmaste kontakten for små og mellomstore bedrifter ute i distrikta, og dei jobbar direkte og internt med bedriftene. Næringshagen for Orkdalsregionen dekker Agdenes, Snillfjord, Orkdal, Skaun, Meldal og Rindal, og dei er i dialog med Hemne (Heim) og Hitra.

Mål og innsatsområde for næringshagen i samarbeid med bedriftene er: Bedriftsutvikling, kompetanseheving, utviklingsprosjekt, å starte ei bedrift og nettverksbygging. Det er viktig at det er noen som tar ansvar for slike nettverk.

Næringshagen har utviklingssamtalar med leiarane i bedriftene, og når det gjeld kompetanseheving, arrangerer dei kurs med tema etter ønskje frå bedriftene. Han fortalde og om eit studentprosjekt som no er knytta opp mot Orkla Trebrensel i forhold til planar for nytt helse- og omsorgssenter.

Det første fellesprosjektet blant trebedriftene i Meldal er Treklyngen på OTI- senteret. Han fortalte at ein offiser frå forsvaret gjekk tilfeldig forbi utstillinga ein dag, såg ei seng utvikla hos Lium, og Lium har no fått ein ordre på senger for fleire millionar frå forsvaret.

Jan Arild Sletvold kom deretter inn på Thamsklyngen, som er eit samarbeid mellom bedrifter på Grønøra, og begrepet «sirkulær økonomi». Dette går på å kunne utnytte restavfall og råstoff mellom bedriftene, slik at lite går til spille. Thamsklyngen har fått 2 mill. frå fylket for å utvikle sirkulær økonomi, slik at dei kan bli landsleiande. Næringshagen vurderer også å etablere eit innovasjonssenter, slik at bedriftene kan ha ein møteplass. Bedriftene er no pålagt å produsere bærekraftig, slik at ein reduserer miljøbelastninga.

Eit av prosjekta til NiO er «Thamsriket – smaker fra Orkland», der gardsbedriftene produserer småskalamat og sel direkte til forbrukarane. Dette samarbeidet har ført til ein voldsom auke i salet. Men det er viktig å kunne formidle budskapet om mat og sal på sosiale mediar!

NiO driv og etablererveiledning gjennom etablererkurs. Det er viktig for at Norge skal gå godt også etter oljealderen.

Sletvold gav ros til Meldal kommune fordi kommunen har vært - og er – veldig aktiv når det gjeld å støtte opp om næringslivet. Han møter fast i ei tverrsektoriell gruppe etablert av rådmannen, «Team næring i Meldal». Og han sa at Orkland har mye å lære av Meldal når det gjeld haldning til næringslivet! 

Mildrid Nesheim



 
19.12.17

8. januar 2018

19.12.17

Julemøte

12.12.17

19. desember 2017

12.12.17

Årsmøte i Meldal Rotaryklubb.

05.12.17

6. desember 2017

05.12.17

Laksefisket i Orkla 2017

28.11.17

30. november 2017

28.11.17

Kommunikasjon i ei ulvetid

21.11.17

23. november 2017

21.11.17

Torkjell Orre Rye fortalte fra historia til Meldalsbanken Arena.

14.11.17

21. november 2017

14.11.17

Klassisk konsert

07.11.17

21. november 2017

07.11.17

Klubbsaker

31.10.17

2. november 2017

31.10.17

Samferdsel i Trøndelag v/samferdselsdirektør i Sør-Trøndelag Erlend Solem

24.10.17

2. november 2017

24.10.17

Høstfest i Meldal Folkeakademi

17.10.2017

28. oktober 2017

17.10.2017

Besøk av distriktsguvernør Toralf Pedersen.