26.02.19
Næringshagen i Orkdalsregionen26.02.19. Næringshagen i
Orkdalsregionen v/ Jan Arild Sletvold.
3-minutt v/ Torleif Hove. Torleif hadde nettopp lese ei bok i
lys av «metoo –kampanjen. Tittelen på boka er «Det
som ikke skulle skje», og ho handlar om overgrep i det kristne miljøet. Tolv
personar har bidratt med sine historier, mellom andre prest Berit Okkenhaug,
som tok initiativet til boka, og som sjølv hadde opplevd overgrep frå ein
emissær som besøkte heimen. Overgrep skjer ofte i små miljø, og det kan ha
store konsekvensar for den som varslar. Den kristne overgriparen har stor
tillit i desse miljøa, og varslar vil ha vanskar med å bli trudd/ blir
mistrudd. Sakene blir dyssa ned. Dette gjeld fortsatt i slike «lukka» miljø, og
ein kan referere til Pavens konferanse om overgrep blant katolske prestar og
kardinalar.
Jan Arild Sletvold er økonom og har jobba innanfor
skogbruk og innan regnskap. Han sa han kjente næringslivet i Meldal godt, og
han har eit spesielt ansvar for meldalsbedriftene innanfor næringshagen. Han nemnde
og at Orkanger skal vere industrimotoren i Trøndelag ved sida av Verdal.
Han
presenterte eigarar, styre og tilsette i Næringshagen for Orkdalsregionen, og
han sa at næringshagane er den mest lokale delen av Norges nasjonale
infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling. Næringshagane er den første
og nærmaste kontakten for små og mellomstore bedrifter ute i distrikta, og dei
jobbar direkte og internt med bedriftene. Næringshagen for Orkdalsregionen
dekker Agdenes, Snillfjord, Orkdal, Skaun, Meldal og Rindal, og dei er i dialog
med Hemne (Heim) og Hitra.
Mål og
innsatsområde for næringshagen i samarbeid med bedriftene er:
Bedriftsutvikling, kompetanseheving, utviklingsprosjekt, å starte ei bedrift og
nettverksbygging. Det er viktig at det er noen som tar ansvar for slike
nettverk.
Næringshagen
har utviklingssamtalar med leiarane i bedriftene, og når det gjeld
kompetanseheving, arrangerer dei kurs med tema etter ønskje frå bedriftene. Han
fortalde og om eit studentprosjekt som no er knytta opp mot Orkla Trebrensel i
forhold til planar for nytt helse- og omsorgssenter.
Det første
fellesprosjektet blant trebedriftene i Meldal er Treklyngen på OTI- senteret.
Han fortalte at ein offiser frå forsvaret gjekk tilfeldig forbi utstillinga ein
dag, såg ei seng utvikla hos Lium, og Lium har no fått ein ordre på senger for
fleire millionar frå forsvaret.
Jan Arild
Sletvold kom deretter inn på Thamsklyngen, som er eit samarbeid mellom
bedrifter på Grønøra, og begrepet «sirkulær økonomi». Dette går på å kunne
utnytte restavfall og råstoff mellom bedriftene, slik at lite går til spille.
Thamsklyngen har fått 2 mill. frå fylket for å utvikle sirkulær økonomi, slik
at dei kan bli landsleiande. Næringshagen vurderer også å etablere eit
innovasjonssenter, slik at bedriftene kan ha ein møteplass. Bedriftene er no
pålagt å produsere bærekraftig, slik at ein reduserer miljøbelastninga.
Eit av
prosjekta til NiO er «Thamsriket – smaker fra Orkland», der gardsbedriftene
produserer småskalamat og sel direkte til forbrukarane. Dette samarbeidet har
ført til ein voldsom auke i salet. Men det er viktig å kunne formidle budskapet
om mat og sal på sosiale mediar!
NiO driv og
etablererveiledning gjennom etablererkurs. Det er viktig for at Norge skal gå
godt også etter oljealderen.
Sletvold gav ros til Meldal kommune fordi kommunen har vært - og er – veldig aktiv når det gjeld å støtte opp om næringslivet. Han møter fast i ei tverrsektoriell gruppe etablert av rådmannen, «Team næring i Meldal». Og han sa at Orkland har mye å lære av Meldal når det gjeld haldning til næringslivet!
Mildrid
Nesheim
12. september 2016
30.8.16. Klubbmøte, medlemmene fortalte om sommerens turer
Per Eriksen (bilde) holdt 3-minutter, og medlemmenes sommerturer var hovedtema.
31. august 2016
16.8.16. Omvisning i Meldalsbanken Arena
Vi fikk en omvisning av Meldalsbanken Arena (Meldal Fotballhall) av Erik Dragset. Men først en orientering om realisering av prosjektet.
(bilde fra www.meldal.no, av hallgruppas leder Torkjell Rye Orre og finansiører)
28. juni 2016
14.06.16. Presidentskifte.
President Mildrid hadde lagt opp til en spesiell ramme rundt årets presidentskifte.