30.01.18

Klubbsaker

30.01.17. Klubbmøte og

3-minutt ved Thor Aas.

 

Thor Aas fortalde frå ein tur til Italia som han og Annlaug hadde hatt for eit par år sidan. Italia er absolutt å anbefale, sa han. Dei var m.a. i byen Asissi. Der budde det på slutten av 1100-talet ein svært rik kjøpmann som i 1182 fekk ein son. 23 år gamal, i 1205, besøkte denne sonen ei gamal kyrkje i byen, og han opplevde det merkelege at eit gamalt krusifiks som hang i kyrkja, tala til han. Dette gjorde veldig inntrykk, og han begynte å restaurere denne kyrkja, mot farens vilje. Dette gav faren uttrykk for da dei møttest. Da tok Frans, som sonen heitte, av seg sine kostbare klede, og etter det møtte han ikkje far sin.

Frans stifta ein fattigdomsorden i 1209, Fransiskanarordenen. Dei skulle leve på eit minimum, med spesiell omsorg for dei aller fattigaste og også dei spedalske.

Frans døydde allereide i 1226, berre 44 år gamal. Men Frans vart kanonisert som helgen og har namnet Frans av Asissi.

Fransiskanarordenen breidde seg til mange land, og kom også til Norge.

Den noverande paven har tatt namnet Frans, pave Frans.

 

Thor Aas fortalde at det var bygd ei stor kyrkje utanpå ei svært lita kyrkje som Frans hadde hatt som sitt bønnerom.

På stranda i Asissi møtte dei flyktningekatastrofen i Middelhavet. Der låg ein lettbåt etter ein større båt som hadde forlist i Middelhavet med mange flyktningar om bord. Dei fleste hadde drukna, men denne lettbåten hadde fått om lag 20 flyktningar i land i live.

 

Klubbnytt:

President Erik fortalde at bladet Rotary Norden var på nett og også kunne lastast ned på app.

Elles er det tre land som fortsatt har polio: Nigeria, Afghanistan og Pakistan, og Rotary fortsett innsatsen med å få utsletta denne sjukdommen. Dette årets RI-president er frå Bahamas, og hans motto er: «Be an inspiration». Vi må ta vare på kvarandre for å kunne inspirere andre.

Deretter vart det ein samtale om vår eigen motivasjon og situasjonen i Meldal Rotary.

Styret har planlagt ein fest for medlemmene med følgje i mars.

 

Mildrid Nesheim, referent


 

9. oktober 2018

09.10.2018

Magne Krogsgaard, diakon i Meldal & Løkken

4. oktober 2018

02.10.18

Besøk av distriktsguvernør Thor A. Olsen

4. oktober 2018

25.09.18

En reise i Angola

4. oktober 2018

18.09.18

Spørreundersøkelse

23. september 2018

11.09.18

Klubbmøte

04.09.18

23. september 2018

04.09.18

Meldalsssongen

28.08.18

2. september 2018

28.08.18

Morten Ree.
Forteller entusiastisk om Norsk Ornitologisk Forening (NOF).

21.08.18

29. august 2018

21.08.18

Stor innsats for flyktninger i Meldal

21. august 2018

14.08.18

Er verdens mest brukte sprøytemiddel farlig ?

07.08.18

21. august 2018

07.08.18

Sommarminne

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no


Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...