16.01.18

09.09.18: Spennande geologitime ved Ola Løseth.

Men før Ola Løseth slapp til, hadde Jan Erik Mjøen 3-minutt.

Jan Erik kunne fortelje at han no har avslutta eit langt korpsliv, frå han starta i guttemusikken på Løkken, og til han no, 77 år gamal, hadde blitt einig med seg sjølv om at han skulle gje seg. Han var blitt oppfordra til å fortsette, men hadde bestemt seg og slutta. Korpset arrangerte ein svært triveleg hyggekveld på Stallstua, der det vanka mange godord. Han hadde mye å tenkje tilbake på, aller mest 65 år med kameratskap og gode opplevingar i inn- og utland. Og han følgjer fortsatt med bilane når dei køyrer forbi huset på veg til og frå øving. Jan Erik kunne fortelje at han fortsatt spelar til heimebruk og i foreningssamanheng, så: Musikken lever!

Ola Løseth sin geologitime starta med at han tok oss med 450 millionar år tilbake i tid! Men jorda er heile 4,6 milliardar år gamal -!

For 450 millionar år sidan begynte stor vulkansk aktivitet som skapte store jordfolder. Vatn, varme, trykk og kjemi skapte store endringar på jordoverflata, og i denne prosessen vart Løkken-malmen til. Han nemnde at Resfjellet er ein vulkan som står på hovudet.

Det mest interessante er korleis dalane er forma, 10 - 15000 år tilbake i tid. Den siste istida kollapsa for ca. 10.000 år sidan, og istida hadde da vara i om lag 100.000 år. For 8000 år sidan fanst det ikkje att ein isbre i Norge/ Skandinavia. Klimaet vart fort varmare, og når isen trekte seg ut, vart det forma u-dalar. V-dalar vart forma av vatnet/elva.

Dødisgroper eller grytegroper er laga av is som blir liggande att når isen trekker. Ein har mange slike grytegroper i Meldal.

Havet fylte tomrommet etter isen, og på Mosøyan kan vi no sjå ein undersjøisk endemorene. Det er funne maritim leire i Eldalen og på Jordhus, og på Rundmyra (gjenvinningsstasjonen) er det funne skjell.

Terasseflata på Loe, Losflata, har bygde seg opp nedanfrå, frå nord.

Grustak er også veldig spennande område, for der kan ein finne årringar, som på tre, i grusen/ berget og sjå korleis landet har bygd seg opp, tid for tid.

 

Mildrid Nesheim


 
19.02.19

26. februar 2019

19.02.19

Elektronikkproduksjon

12.02.19

26. februar 2019

12.02.19

Mongol Rally

26. februar 2019

05.02.19

Klubbmøte

28.01.19

1. februar 2019

28.01.19

Pelsdyrnæring i Agdenes og Meldal

22.01.19

29. januar 2019

22.01.19

Orkla Sparebank

15.01.19

18. januar 2019

15.01.19

En operasangers historie

08.01.19

15. januar 2019

08.01.19

Laksefiske

18.12.2018

7. januar 2019

18.12.2018

Julemøte

7. januar 2019

11.12.2018

Årsmøte

04.12.2018

29. desember 2018

04.12.2018

Ove Snuruås

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no


Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...