28.11.17

Kommunikasjon i ei ulvetid.

Øystein Syrstad tok utgangspunkt for kåseriet sitt i dei sterke reaksjonane som kom da TINE lanserte julemjølkekartongen for 2017. Ein ulv som står og uler mot månen er teikna inn saman med nissar og reinsdyr. Dette har skapt mykje støy! Mjølkekartongen vart av nokre sett på som eit forsvar for ulven og som eit innlegg i rovdyrdebatten. Dette var ikkje tanken bak teikninga: Nissar, reinsdyr og jul er ein sterk tradisjon, og så er ein ulv komen med som ein representant for den norske faunaen. Bodskapen er upolitisk. TINE-eigarar i Nord-Noreg var dei første som reagerte.

Syrstad brukte dette for å vise kor vanskeleg kommunikasjon kan vere. Ein reagerer med kjensler og tolkar den bodskapen ein får ut frå kjenslene sine. Mottakar oppfattar bodskapen annleis enn avsendar har tenkt. Ulvemotstandarane er i mindretal i Noreg, og ein minoritet/ eit mindretal reagerer sterkare og raskare på det ein ser eller opplever.

Kommunikasjon er avhengig av tillit, og ein opplever ofte dårleg kommunikasjon mellom f.eks. by og land fordi tolkinga av det som skjer blir ulik. I tilfelle med mjølkekartongen har ein liten minoritet reagert så voldsomt at dei har mista realitetssansen, har mista gangsynet. Saka har blitt løfta opp og kan synleggjere kva som er god og dårleg kommunikasjon.

Syrstad gjekk over til å snakke om sosiale mediar. Er dei ein pest eller ei velsigning? Facebook er ein enorm maktfaktor og har kanskje vore med og avgjort presidentvalet i USA. Det er og ein svært viktig kanal for salg. Smarttelefonen er på heile døgnet, og mykje av annonseringa går no over frå papirmedia til facebook. Prisen er mykje lågare for å nå kunden.Debattane på sosiale medium blir ofte svart/kvitt. Nyansane blir borte.

 Ungdom kan vere opp i 600 snapchat-meldingar pr. dag, og sosiale medium er med og bidrar til eit voldsomt press på ungdom. Medievanane våre endrar seg, og folk ser oftare fjernsynsprogram i opptak på telefon og nettbrett. Ved kjøp av varer går folk på nettet og ser etter forbrukarundersøkingar før dei handlar, også via nettet. Veldig mykje makt ligg i sosiale medium, og facebook er dagens store kommunikasjonskanal!

Og så måtte dessverre referenten forlate møtet ti minutt før slutt.

Mildrid Nesheim



 
03.04.18

18. april 2018

03.04.18

Havik Elektro as

23. mars 2018

20.03.18

Vinteropphold i Spania

23. mars 2018

13.03.18

Klubbmøte

12. mars 2018

06.03.18

Matfestival

2. mars 2018

27.02.18

Gamle bilder

20.02.18

22. februar 2018

20.02.18

Kapitalforvaltning

13.02.18

15. februar 2018

13.02.18

En kveld for de som liker sjokolade!

06.02.18

9. februar 2018

06.02.18

HOB Gods

30.01.18

5. februar 2018

30.01.18

Klubbsaker

23.01.18

31. januar 2018

23.01.18

Nytt helse- og omsorgssenter

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no

.
4. sep. 2018, 19.00

3-minutt: Kjell Morten Dalheim

Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...