09.04.19

Ordførerkandidater i nykommunen

09.04.19: To av ordførarkandidatane i nykommunen Orkland.

Denne kvelden gjesta rotarymedlemmer Bergmannsforums møte på Bergmannskroa, der dei kanskje mest aktuelle ordførarkandidatane i Orkland, Are Hilstad, Ap, og Oddbjørn Bang, Sp, var invitert til å legge fram planar og visjonar.

Oddbjørn Bang fekk først ordet, og han la vekt på at dei kommunale tenestene til innbyggarane, skulle vere så nær folk som muleg, og at fagområde kunne vere plassert utom kommunesenteret. Som eksempel nemnde han Orkla Landbrukstjeneter som hadde fungert veldig godt ved å ligge i Meldal. Han ville gå inn for at ein og hadde oppsøkande saksbehandling, at saksbehandlarar reiste ut i distriktet ved behov. Han nemnde at eldreomsorga allereide er godt utbygd, og at det er viktig å ruste opp tenesta slik at folk kan bu heime så lenge som muleg. I Orkdal har dei rullerande barnehageopptak, og han meinte dette måtte gjelde heile nykommunen. Det er også viktig å legge til rette for det frivillige kulturarbeidet. Han slo fast at det hadde vore heftige investeringar i det som blir den nye kommunen, og han meinte ein måtte ta det litt med ro når det galdt nytt kulturhus.

Han fastslo at Orkland skal vere næringskommune nr. 1, og at det derfor er viktig at ein ikkje har eigedomsskatt, at ein har ei god havn og attraktive næringsareal, og at ein har eit heileigd kommunalt energiselskap. Det er og viktig med differensiert arbeidsgjevaravgift, slik at ein fortsatt kan ha eit aktivt næringsliv over heile kommunen. Forslaget er å følgje postnummer, og ikkje kommunegrenser, når det gjeld arbeidsgjevaravgifta.

For Senterpartiet er det viktig med jordvern, og der det er konflikt mellom arealbehov og jordvern, kan jordflytting vere løysinga. Han viste til den vellukka jordflyttinga i samband med Norsk kylling si etablering.

Andre viktige saker han ville nemne var tilskot til private vegar, å følgje opp nytt museumsbygg på Løkken Verk, snarvegen mellom Lensvika og Krogstadøra, og å sørge for godt kommunalt vatn.

Are Hilstad ville understreke at det var eit godt samarbeid mellom dei to kandidatane, og at når han melde seg til teneste for Orkland, var det fordi det er viktig at noen som har følgd prosessen frå start, blir med vidare.

Han meinte at erfaringa er at folk søker tryggheit, og at ein derfor ikkje skal tenke på nye, store tiltak. Den store investeringa det har vore i bygg, må balanserast med å skape eit godt nok tenestetilbod. Han la vekt på at ein ny kommune ville få bygd opp eit sterkare fagmiljø.

Det er viktig å tenke nytt rundt stadutvikling, og ein må skape attraktive bustadområde saman med næringsutvikling. Orkland skal bli ein foregangskommune når det gjeld arbeidsgjevaransvar. Trivst ein på jobben, yter ein og gode tenester.

Hilstad minte om at samanslåingsprosessen ikkje er fullført pr. 1.1.20. Det må «gå seg til» i tida framover. Han nemnde og at den rasjonaliseringsgevinsten ein får ved at det blir færre leiarar, skal gå tilbake ut i kommunen i form av betre tenester.

Fleire nytta høvet til å stille spørsmål etter innleiingane, og eit av dei gjekk på økonomi og høg gjeld på grunn av store nyinvesteringar. Bang svara at den eigarandelen Orkland har i Trønderenergi og i Orkland Energi langt overstig gjelda.

 

Mildrid Nesheim


 
04.12.2018

29. desember 2018

04.12.2018

Ove Snuruås

27.11..18

11. desember 2018

27.11..18

Orkla Industrimuseum

20.11.18

28. november 2018

20.11.18

Krigsminner

13.11.18

19. november 2018

13.11.18

Klubbmøte

06.11.18

19. november 2018

06.11.18

Konsert

1. november 2018

30.10.18

Dikt og diskusjon

23.oktober 2018

23. oktober 2018

23.oktober 2018

3 minutter ved Mildrid Nesheim.

09.10.2018

9. oktober 2018

09.10.2018

Magne Krogsgaard, diakon i Meldal & Løkken

02.10.18

4. oktober 2018

02.10.18

Besøk av distriktsguvernør Thor A. Olsen

25.09.18

4. oktober 2018

25.09.18

En reise i Angola

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no


Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...