18.12.18. Julemøte.
Julemøte vart halde i Festsalen i Orkla Gjestebolig. Ektefeller/sambuarar var invitert med, og vi var 21 som benka oss rundt bordet. Presidenten hadde ordna med julesongar, og Gretha Loe hadde med instrument og sørga for tonefølgje. Sans Bergmannskroa sørga for nydelege snittar.
Tidlegare sokneprest Thor Aas var, tradisjonen tru, kveldens gjest, og han tok utgangspunkt i nyare historie, nemleg året 1989, da det skjedde stor ting ting i Europa. Det som fekk snøballen til å rulle, var ein diakon i St. Nikolai Kirche i Leipzig. Han hadde begynt med bønnemøte for fred ein gong i veka. Veldig mange slutta opp om dette etterkvart, og 9. oktober 1989 blei det ein stor demonstrasjon ut av det med Ca 70.000 deltakarar. Demonstrasjonane spreidde seg utover heile Øst-Tyskland, og til slutt blei presset så stort at det førde til opninga av Berlinmuren. President Hoenecker heldt på å bli lynsja, men ei diakonisse tok hand om han, og han kom etterkvart til Moskva.
Dette er eit eksempel av veldig mange om at den kristne bevegelsa og kristne personar har endra samfunnets utvikling.
Han nemnde at i El Salvador har ei kyrkje danna menighet i eit av dei verste fengsla, noko som har endra fangane si haldning, både til medfangane og til samfunnet.
Den kristne bodskapen har ei veldig kraft, ikkje berre på enkeltmenneske, men også på grupper.
Ole Paus har sagt at det svakaste vinn over det mektigaste, eit lite barn vinn over ei sterk krigsmakt. Romerriket er borte for lenge sidan, men det som begynte med det vesle barnet i Betlehem, har spreidd seg over heile verda.
12. oktober 2017
Erik T. Loe ble ny president i Meldal Rotaryklubb, ettersom Frode Langeng flytter.
5. oktober 2017
Klubbmedlemmene fikk omvisning i nye lokaler og historien bak suksessen
25. september 2017
De to sentrale personene bak Thamspaviljongen er også medlemmer i Meldal Rotaryklubb. Olav Sigurd Kvaale og Oddmund Stenset fortalte historien om "Prosjekt Heimatt" med sedvanlig entusiasme!
8. september 2017
Privatskolen på Løkken Verk er fem år, og vi fikk høre om utviklingen og mål fremover.
6. september 2017
På Å Gartneri har de det gøy på jobb! Mari Engen Ree fortalte om bedriften.
27. august 2017
Frode giftet seg i Malaysia, og kveldens innlegg fra Frode og kona Safura handlet om hvordan giftemål og bryllupsfeiringer foregår der.
21. juni 2017
President Anders Dragset takket av, og inn kommer Frode Langeng som ny president for Meldal Rotaryklubb
28. mai 2017
Johanne Opheim fortalte om at hun fikk være med på lederseminar