04.09.18

Meldalsssongen

04.09.18: «Medalssongen» v/ Audun Krog Eftedal

Men før dagens gjest slapp til, var det 3-minutt v/ Kjell Dalheim.

Kjell hadde lese ei ytring om politiet på «facebook», og denne ytringa lot han oss få ta del i. Ei humoristisk ytring med samanlikning av politiet før og no, om kontakten med folk og om løysing av arbeidsoppgåver, der pronomenet noen var det sentrale: få kontakt med noen, noen skal gjøre osv. Eit humoristisk apropos, med alvorleg bakteppe, til politireformen!

Audun Krog Eftedal har det siste året skrive bok om Medalssongen, han som skreiv og ho som gjorde det muleg. Han fortalde at inspirasjonen til å dikte ein song til heimbygda, fekk Olav Krog da han las eit lite dikt i ei bok med folkeminne av dr. Støren. Han skreiv versa i mange utgåver. Første utgåva vart trykt i bladet «Orkmannen» i 1941, og den neste kom til 17. mai i 1945. Den aller siste utgåva, men også ho med rettingar, kom i 1958 som gåve til barnebarna. Dei aller fleste bygdesongar har ein tone som er universiell og passar til mange, men Medalssongen har sin heilt spesielle tone, og songen blir framført kvar einaste 17. mai!

Så gjekk han 111 år tilbake i tida, til da besteforeldra hans gifta seg i Mariakapellet i Nidarosdomen. Ekteparet Anna og Olav Krog skapte skandale i Oppbøgda. Det var eit svært umake par: han var odelsgut til Segard Snoen, og han var lærar. Ho hadde ei einsleg mor som var tenestejente på ein av Resellgardane,der Anna vaks opp. Han var 34 år da dei gifta seg i 1907, ho var 17 år og hadde vore eleven hans. Dei var svært ulike, men utfylte kvarandre veldig, og hadde eit godt ekteskap i nesten 50 år. Ho var eit arbeidsmenneske av dei sjeldne. Han var arbeidssky når det galdt fysisk arbeid, men han var ikkje lat, og han gjekk lange fjellturar, langt opp i 80-åra.

Audun Eftedal Krog understeka at det står att meir enn Medalssongen etter bestefaren og bestemora. Dei var begge lærarar, og begge var store «kulturmisjonærar» i Meldal. Han sa at Meldal Bygdemuseum ikkje har eksistert slik det står i dag, hadde det ikkje vore for besteforeldra hans. Det var Olav Krog som tok heradstyret med opp i bakken der museet ligg i ein matpause,  Anna Krog kom med servering, og dei fekk heradstyremedlemmene på trua at dette var ein fin plass for eit museum.  Det var også han som drog til bonden på Muan og fekk kjøpt den gamle trønderlåna på garden i 1930. Anna Krog fortsette arbeidet til dr. Støren og samla gamle gjenstandar rundt i heile bygda. Dette er ein innsats dei bør bli hugsa for.

Olav Krog var ein fredens mann, og han var sine venners venn. Han var ein god ven av K. M. Elda som var redaktør i «Orkmannen», og det var naturleg for Olav Krog  å offentleggjere Medalssongen i dette bladet. Men Elda var nazisympatisør, og det slo tilbake på Krog. Ordføraren i Meldal visste vel at Krog at Olav Krog ikkje hadde dei same synspunkta og skreiv brev til han om det. Krog overtydde sjølv alle ved å trykke Medalssongen til 17. mai 1945,

Olav Krog endra stadig på versa i songen, og han fann ut at han skulle skrive songen på rull. Da kunne han berre klippe ut dei versa han ville ta ut/endre og så sette inn nye. I 1958 fekk Audun Krog Eftedal, 16 år gamal, ein slik rull og i oppgåve å reinskrive songen, og dette er den siste versjonen av songen!

Påska 1956 døydde brått Anna Krog, og dette var eit sjokk for Olav Krog. Han vart heilt hjelpelaus, og han budde hos ungane sine etter tur. Han reiste til slutt til yngste dotter si i USA, og der slo han seg til ro og treivst godt. Men etter eit år ville han heim att. Og han var to gonger på Resfjeltoppen etter fylte 85 år! Olav Krog døydde sommaren 1959.

 



 
03.04.18

18. april 2018

03.04.18

Havik Elektro as

23. mars 2018

20.03.18

Vinteropphold i Spania

23. mars 2018

13.03.18

Klubbmøte

12. mars 2018

06.03.18

Matfestival

2. mars 2018

27.02.18

Gamle bilder

20.02.18

22. februar 2018

20.02.18

Kapitalforvaltning

13.02.18

15. februar 2018

13.02.18

En kveld for de som liker sjokolade!

06.02.18

9. februar 2018

06.02.18

HOB Gods

30.01.18

5. februar 2018

30.01.18

Klubbsaker

23.01.18

31. januar 2018

23.01.18

Nytt helse- og omsorgssenter

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no


Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...