22.05.18

Orkla Sparebank

22.05.18. Orkla sparebank – fusjon og framtid v/banksjef Dag Olav Løseth.

Men før han slapp til, hadde Oddmund Stenseth 3-minutt. Oddmund fortalde om nytt bygg i prosjekt «Heimatt»- gruppa, eit servicebygg, som blir plassert nær paviljongen, og som skal ha info.skranke, kjøkken, toalett m.m. Og igjen er det dugnadsgjengen frå paviljongreisinga som trør til. Da Oddmund inviterte til ny dugnad, møtte 30 mann opp. Bygget blir reist i Thamsbygg-stil, slik ferdighusa frå Strandheim Brug vart bygd sist på 1800-talet. Grovarbeidet er gjort i arbeidshallen før elementa blir reist på ein dag -! «Gutane stiller opp -kvar dag, og er aldri ueinige. Det er nesten litt tamt», sa sjefsbyggaren.

Og så over til Dag Olav Løseth. Han starta med å presentere seg sjølv: Utdanna siviløkonom frå NHH i 1998 og hatt fleire spennande jobbar før han vart øvste sjef i Orkdal sparebank, og så i fusjonerte Orkla sparebank.

Løseth kom først inn på at bankbransjen har gjennomgått store endringar, spesielt gjennom digitalisering og betalingsformidling. Styresmaktene går inn med reguleringar, som eigenkapitalskrav ved boliglån. Det er soliditetskrav, likviditetskrav og økte krav til styring og kontroll. Det er og innført ein finansskatt som i realiteten er ei arbeidsgjevaravgift, og som rammer bankar som vil ha folk arbeid. Det er ein ny verden «der ute», sa han. Før visste ein kven som var konkurrentar, no er det mange som driv med betalingsformidling. Det er og internasjonal konkurranse, Apple Pay satsar f.eks. no i Norge. Bankane blir dratt mellom marked, brukaratferd og regulatoriske krav som boliglånsforskriftene.

Løseth meiner det er viktig at banken held fast på lokalkunnskap og kundeforhold gjennom 176 år. Han meiner det betyr mye for næringslivet å ha ein lokal bank som har informasjon om lokale forhold og kan ta det med i vurderinga når ein skal gje kreditt. Lokale bankar kan bidra til å dempe konjunktursvingningane fordi dei har lokalkunnskap. Det er viktig at ein har ein differensiert bankstruktur.

Han kom inn på litt historie. Frå 1922 til 1964 hadde ein stabilt ca. 600 sparebankar i Norge. Ein årsak til at antalet da gjekk ned var kommunesamanslutningar og ein begynnande oljeindustri. Frå 1964 og i tjue år framover, til 1984, gjekk ein ned til 200 sparebankar. Så kom perioden med alliansebygging, som no Eika- bankar, Sparebank1- bankar etc. No er det 103 sparebankar i Norge.

Løseth spår ei restrukturering i bankbransjen, og det er ein grunn til sammenslåinga av Meldal og Orkdal sparebankar. Det er viktig å ha eit reelt alternativ med utspring i dette området. Både Meldal og Orkdal sparebankar har ei stolt historie og går no inn i ei felles framtid. Orkla sparebank skal vere ein smart og enkel kvardagsbank, som kan hjelpe til ved viktige hendingar i livet og som kan virkeliggjøre mål i framtida. Orkla sparebank er Midt-Norges største Eika-bank og den 3. største i Trøndelag av alle bankar. Banken har 24000 kundar!

Mildrid Nesheim



 

7. januar 2019

11.12.2018

Årsmøte

04.12.2018

29. desember 2018

04.12.2018

Ove Snuruås

27.11..18

11. desember 2018

27.11..18

Orkla Industrimuseum

20.11.18

28. november 2018

20.11.18

Krigsminner

13.11.18

19. november 2018

13.11.18

Klubbmøte

06.11.18

19. november 2018

06.11.18

Konsert

1. november 2018

30.10.18

Dikt og diskusjon

23.oktober 2018

23. oktober 2018

23.oktober 2018

3 minutter ved Mildrid Nesheim.

09.10.2018

9. oktober 2018

09.10.2018

Magne Krogsgaard, diakon i Meldal & Løkken

02.10.18

4. oktober 2018

02.10.18

Besøk av distriktsguvernør Thor A. Olsen

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...