24.04.18

Orkla Hotell

24.04.18: Orkla Gjestebolig ved Synnøve Mjøen.

Men først 3-minutt ved Oddbjørn Resell. Og han hadde ei sterk meiningytring om at han var i mot for mye byråkrati. Politikarane har og hatt som målsetting at dei skal redusere byråkratiet, men no går det motsett veg. Skatteetaten har bestemt at alle som har eit kassaapparat, skal skrive ut kvittering, anten kunden vil eller ikkje! Det er ressurskrevande og miljøfiendtleg. Heilt bakvendt!

Synnøve Mjøen tok oss med inn i historia til «hotellet». Orkla hotell vart bygd i 1916. Det vart bygd med ei tredeling: Mot sør var messa med matsal og hyblar for einslege funksjonærar, verkets sjukesøstre, og også lærarar kunne få bu der, viss det var plass. Midtdelen var for Orkla Grubes styre og direksjon, med spisesal, salongar og overnattingsrom, og mot nord var reiseavdelinga, både for handelsreisande, og andre reisande. Handelsreisande hadde to rom i kjellaren der dei pakka ut varene sine. Det kom kjøpmenn frå heile Meldal og også frå Rennebu for å sjå på varer og kjøpe varer. Alle fekk kaffe da dei kom, og kjøpte dei mye, fekk dei lunsj. Middag vart spandert på dei som handla ekstra mye. Ho refererte ei historie frå Jordet handel på Grindal der Jordet kjøpte ein heil stuv med eit stoff han likte veldig godt. Noko som førde til at alle kvinnene i grenda gjekk med kjolar av same stoff -!

Synnøve begynte på hotellet i 1960, på reiseavdelinga, og dei var da sju tilsette der. Ho skulle eigentleg vere der berre eit år før ho tok vidare utdanning, men ho treivst så godt at ho vart verande – i 50 år! Dei hadde mye å gjere, dei vaska og ordna romma og serverte mat. Kvar føremiddag gjekk dei med kaffe til dei som arbeidde på hotellet. Der var det ca. 30 personar som dei vart godt kjent med.

Ein av stamgjestene på hotellet var Christian Thams på Storbuan. Han skulle alltid bu på nr. 26 i 1. etasjen. Og han ville alltid ha ein prat bestyrarinna, frk. Haugan. Han var stor og svær, og Synnøve måtte hjelpe han å få på bukseselane!

Det som no er ein vakker festsal, var «Herrenes røkesalong», og i andreetasjen var damesalongen. Det var færre kvinner enn menn som gjesta hotellet i samband med styremøter etc.

I 1950 vart det sett i gang oppussing av Orkla hotell med tanke på 300-årsjubileet i 1954. Verket hadde eigne handverkarar som stod for opppussinga, og den ansvarlege for oppussinga var direktørfrua, Ingrid Kjær. Røykesalongen vart omskapa til ein svært vakker festsal. Dei flotte lysekronene og lampettane kom frå Tsjekkoslovakia, speila mellom vindua var spesialbestilt frå Hadeland glassverk og spisestuemøblementet vart spesialbestilt frå Lium fabrikker i Meldal. I Bergen fann Ingrid Kjær eit stort og vakkert veggmaleri av kunstnaren Bernhard Folkestad, med årstidene som motiv. Dette vart kjøpt inn og oppdelt slik at det passa med veggflatene, vår på sørveggen, sommar på vestveggen og haust på nordveggen. Vinterbildet var det ikkje plass til, og under ei seinare oppussing på 80-talet vart dette funne, samanrulla, inne i ein vegg. No heng det i trappeoppgangen i 2. etasje.

Under oppussinga vart peisen i røkesalongen tatt ned, og det vart bygd opp ny peis i peisestua. I Gråsalongen vart bumerket for ulike gardar i Orkdal og Meldal skore inn i panelet!

Alle styremøta til Orkla Grube A/B vart halde her på Løkken. Da reiste «Lai» (Nikolai Hegle) og Magne (Grøset) til Berkåk med kvar sin nypolerte bil og hadde med kvit duk, kaffe og julekake med geitost på, som vart servert og ete på Berkåk stasjon før bilturen til Løkken. Styremedlemmene hadde sine faste rom på hotellet, og av og til var det også fruer med. Synnøve hadde god kontakt med m.a. styreleiar Petter Wallenberg.

Det har og vore kongeleg besøk på hotellet. Som kronprinspar besøkte dronning Sonja og kon Harald hotellet, og også prinsesse Astrid har overnatta på hotellet Ho kom ned til frokost kl. 7, og da var bordet vakkert pynta med stemor, som Synnøve hadde plukka kvelden før. Prinsesse Astrid sa ho aldri hadde sett så vakkert frokostbord tidlegare.

Jens P. Heyerdahl d.y. vart direktør i Orkla sist på syttitalet, og han vart veldig glad i Løkken. Heile familien var her i påska i mange år, og Heyerdahl bestemte at dei som vart tilsette som leiarar i Orkla, skulle til Løkken for å bli kjent med historia til selskapet.

Heyerdahl sette i gang med oppussing av hotellet, og kvart gjesterom fekk eige bad. Mette Heyerdahl såg muligheten for å få til ei konferanseavdeling i 3. etasje og sette i gang arbeidet med dette. Møteromma fekk namn etter dei gamle gruvene i Grefstadfjellet: Kong Carl og Victoria. Mette Heyerdahl var også veldig glad i Løkken og hotellet. Etter at ho døydde av kreft, slutta familien å kome hit på påskeferie. Heyerdahl har i det heile gjort veldig mye for Løkken-samfunnet.

Synnøve tok over stillinga som hotellsjef i 1976, og Arnt Holmen var hennar sjef. Han var ein veldig god sjef, og viste henne stor tillit. Alle som arbeide på hotellet var glad i Holmen, og han sette veldig stor pris på det arbeidet som vart gjort. Også faste gjester spurde etter Holmen når dei kom på besøk.

Som sjef var det viktig for Synnøve å gå saman med dei tilsette i arbeidet, og ho gjekk inn i arbeidet der ho såg det trongst.

Mildrid Nesheim

 

 



 
13.02.18

15. februar 2018

13.02.18

En kveld for de som liker sjokolade!

06.02.18

9. februar 2018

06.02.18

HOB Gods

30.01.18

5. februar 2018

30.01.18

Klubbsaker

23.01.18

31. januar 2018

23.01.18

Nytt helse- og omsorgssenter

16.01.18

29. januar 2018

16.01.18

Spennende geologitime

09.01.18

16. januar 2018

09.01.18

Første møte i det nye året

19.12.17

8. januar 2018

19.12.17

Julemøte

12.12.17

19. desember 2017

12.12.17

Årsmøte i Meldal Rotaryklubb.

05.12.17

6. desember 2017

05.12.17

Laksefisket i Orkla 2017

28.11.17

30. november 2017

28.11.17

Kommunikasjon i ei ulvetid

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk, Tirsdag kl. 19.00
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00:00
Møtespråk: no

Les mer



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

NORFO - Rotary RSS

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...