27.02.18

Gamle bilder

27.02.18. Gamle bilete frå Meldal v/ Joar Lyngen og Ola O. Rikstad.

 

Men aller først: 3-minutt ved Anders Dragset. Og han tok eit tilbakestreif gjennom den aller siste OL-historia og nemnde høgdepunkt på høgdepunkt frå Pyongchai.

 

Deretter las Mildrid N eit dokument, overlevert av leiar i Meldal historielag,Joar Lyngen. Det var ein imponerande søknad frå 1897 til kong Oskar 2. frå Christian Salvesen og Christian Thams om å få bygge jernbane frå Årlivold til Orkedalsøren!

 

Og så slapp kveldens gjester, frå fotogruppa i historielaget, til med eit utval gamle bilete frå Meldal. Det vil seie, dei var ikkje så veldig gamle. Det vart vist flyfoto frå 1953 over Løkken. Fleire bilete frå gruveområdet i Fagerlia, frå Bjørnli og frå Løkken sentrum med vaskeriet og industriområdet rundt dette. Deretter gjekk turen til Rennebu, til gårdane Ramlo, Jorlia og Reitan, før Jerpstadgrenda, Resellgardane, Øverøyen, Snoensgardane, Foss, Grut, Stene, Hol, Fikke, Stokkan, Resgrenda og vidare til og med Berg-gardane vart saumfart, til ivrige kommentarar og historier både frå foredragshaldarane  og oss som sat rundt møtebordet. Interessa var stor, og det var veldig interessant å sjå kor store endringar det har vore på Løkken og Meldal i løpet av vel 60 år. Møtet heldt fram til kl. 20.30!

 

Mildrid Nesheim


 
25.09.18

4. oktober 2018

25.09.18

En reise i Angola

18.09.18

4. oktober 2018

18.09.18

Spørreundersøkelse

23. september 2018

11.09.18

Klubbmøte

04.09.18

23. september 2018

04.09.18

Meldalsssongen

28.08.18

2. september 2018

28.08.18

Morten Ree.
Forteller entusiastisk om Norsk Ornitologisk Forening (NOF).

21.08.18

29. august 2018

21.08.18

Stor innsats for flyktninger i Meldal

21. august 2018

14.08.18

Er verdens mest brukte sprøytemiddel farlig ?

07.08.18

21. august 2018

07.08.18

Sommarminne

26.06.18

8. juli 2018

26.06.18

Sommeravslutning

19.06.18

8. juli 2018

19.06.18

Dugnad på Thamshavnbanen

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Orkla Gjestebolig, 7332 Løkken Verk
Adresse: Løkkenveien 204
Postnummer: 7332
Sted: Løkken Verk
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no
Møtedetaljer: Tirsdager i oddetallsuker



Møtearkiv fra
før August 2022



roterende Lenker

Nyheter fra
Rotary International:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

NYTT FRA DISTRIKTET

Loading RSS...